Fødd 6. november 1982 på Rikshospitalet i Oslo. Budde i Bondibråten i Asker til eg var 6 år. Da flytte eg og familen til Vangnses i Vik kommune og har seinare budd der. Eg har 2 yngre søsken, Ingvild og John Are.

Eg var nokså allsidig og med på mange slags aktivitetar i yngre år, mellom anna fotball, friidrett, volleyball, langrenn, orientering og skiskyting. Eg likte også å hoppe på ski og har pers på 18 meter på telemarkski i Kvamsbakken på Hafslo.

Vidaregåande gjekk i ein fei på NTG på Geilo og 3 år med Joar Himle som trenar la eit godt grunnlag for skiskyttarkarrieren. Heime i Vik var det fyrst og fremst Asbjørn Hønsi og Tormod Urnes som var trenarar. Eg kom med på juniorlandslaget i skiskyting som 19-åring, seinare vart det rekruttlag og elitelandslag. Studiar har det blitt så som så med, men eg har gjort unna grunnfag Idrett ved høgskulen i Sogndal og har no deltidsstudiar ved universitet i Stavanger som peikar mot allmennlærar.

Eg er glad i turar i fjell og utmark, hytta i Telemark er favorittstaden. Eg likar å jakte og fiske og har fleire ryper på samvittigheita. Sist haust var eg også reinsdyrjeger, men utan å få bukken i sikte den korte tida eg hadde sett av til jakt. Til hausten ventar elgjakt i Telemark viss det passar inn i treningsplanane. Eg trakterer også gitaren og tek ein trall i godt selskap.